ÅRSMØTE 2012

SOGN CK HELD ÅRSMØTE DEN 16 FEBRUAR KL 18.00 PÅ LÆGREID HOTELL I SOGNDAL.

Vanlege årsmøtesaker. Framlegg til årsmøtet må vera innsendt til styret innan 10. februar. Bruk td. post@sogncykleklubb.net til å sende ein epost.

Det vert lett servering. Etter årsmøtet tek vi ein prat om sesongplanar for 2012 og eventuelle felles-satsingar.

Styret
 

LISENS 2012

Forbundet har sendt ut mail direkte til medlemene om lisensbetaling utan at beløp er oppgitt. Denne kan de sjå vekk frå. Vanleg prosedyre skal følgjast ved at de sender ein epost til post@sogncykleklubb.net. Så vil de etter kvart få ein mail frå forbundet med den betalingsinformasjonen de treng.

Oppdatering av epost-adresser

Vi har mange medlemer som vi ikkje har epost-adresse til. Dersom du ikkje har motteke mail frå klubben ein av dei siste dagane, er du ein av dei. Ver vennleg å sende oss ein mail til post@sogncykleklubb.net slik at vi får oppdatert lista vår.

BERGEN-VOSS 2012

Sogn CK har reservert 20 plassar i pulje 4:50 og 20 plassar i tidspulje 5:30. Dersom du ynskjer å vere med i våre puljer, må du sende ein mail og fortelje kva pulje du vil starte i til post@sogncykleklubb.net innan 25. januar. Du vil da få tildelt ein registreringskode som du nyttar når du sjølv skal registere deg. Påmeldinga startar 29. januar her: http://bergenck.no/defaultBV.aspx?pageId=167

 

 

Sogn Cykleklubb og Jotunheimen Rundt på FACEBOOK

Vi har oppretta ei side på Facebook som heiter Sogn Cykleklubb. Her kan du gå inn og sende meldingar, legge inn bilder og fortelle om treningsturar. Bruk sida også til å invitere til felles treningsturar. For å få oppdateringar må du gå innpå og «like».

Andrè Kalstad har også oppretta ei side som heiter Jotunheimen Rundt. Gå inn og «lik» denne også for å sjå siste nytt, eller legge inn kommentarar sjølv.

Dersom du ikkje er på Facebook, så oppmodar eg deg til å registrere deg og delta.

Stig

Varsel i Outlook dersom nye innlegg på Sogn ck og Jotunheimen-sida:

Nederst på Sogn ck-sida og på Jotunheimen-sida finn du symbolet for RSS- feeder. Hvis du følgjer oppskrifta nedanfor, legg nye artiklar seg inn under symbolet Knappesymbol i personlege mapper i din Outlook:

Når du navigerer til en webside som inneholder RSS-informasjon, vises Knappesymbol ved siden av Knappesymbol Hjem-knappen.

Indikator for RSS-feed

  1. Klikk Knappesymbol.

En liste over alle tilgjengelige RSS-feeder på websiden vises.

  1. Klikk RSS-feeden du vil legge til.
  2. Når RSS-feeden åpnes i Internet Explorer, klikker du Abonner på denne feeden.

RSS-feedabonnementet legges til i listen over vanlige feeder (Common Feed-liste: En liste over RSS-feeder du abonnerer på, som lagres i brukerprofilen i Windows. RSS-klienter, herunder Windows Internet Explorer og Outlook, bruker denne listen, slik at du slipper å konfigurere abonnementene i hvert program.) i Windows. RSS-feedabonnementet er tilgjengelig i Internet Explorer, Outlook og andre programmer som bruker listen over vanlige feeder.

Tips!    På websider hender det at du ser Knappesymbol, RSS-knapp eller XML-knapp. Vanligvis kan du klikke disse ikonene for å vise og abonnere på RSS-feeden.

NY SYKKELTRASE I ÅRØY

Vegvesenet og kommunen har i fellesskap no i haust asfaltert kommunevegen langs elva i Årøy. Det betyr at syklistar har fått eit asfaltert rutealternativ utanom/forbi Årøytunnelen. Dette er eit mykje tryggare alternativ enn å sykle gjennom tunnelen, -  og i tillegg er det ei fin naturoppleving langs med elva.

INTERSPORT: Klubb- og salskveldar med gode rabattar

25. Oktober kl 15.00 til 21.00 Presentasjon av skiutstyr og klede – smørekurs for vidarekomne. God rabatt på Craft-klede ved samlebestilling.

26. Oktober kl 15.00 til kl 21.00 Freeride-kveld (Ski og utstyr) med foredrag av kjent Basehoppar.

Sjå lenke:

klubbKVELD.2011.NORDISK

klubbKVELD.2011.FREERIDE

 

GRATIS TRENINGSDAGBOK

SJEKK UT OLYMPIATOPPEN SI NETTBASERTE TRENINGSDAGBOK. DEN FUNGERER KJEMPEFINT.

http://www.olympiatoppen.no/fagavdelinger/trening/treningsdagbok/page559.html

KAN DU TENKE DEG Å BLI SYKKELTRENAR?

Hei

Dersom nokon i klubben, eller andre i Sogn har lyst og interesse, vil klubben spandere trenarutdanning gjennom Sykkelforbundet sine kurs. Vi ønskjer på denne måten å få til eit betre treningstilbod for ungdom som vil satse på sykkelsport. Dette kan vere både innafor landevegssykling og terreng.

Dersom det vert interesse for det, vil klubben ha høve til å gje ein viss økonomisk kompensasjon for trenarjobben. Dette må vi avtale ut frå kompetanse og mengde.

SEND OSS EI MELDING PÅ :  post@sogncykleklubb.net

 

Powered by wordpress plugins developed by www.wpdevelop.com