Reidar Bøye Sviggum, Vegard og Geir Orrestad stillte til start på terrengrittet Molde Challange som blei arrangert sammen med NM MTB Maraton, 11. juli. Løypa blir kalla røysekatten, og dette er ein god beskrivelse av løypeprofil, - 1100 meter stigning fordelt på 43km. Ingen parti med rom for kvile og alle nedoverkjøringer er krevjande - som er der berre for at vi skal få en ny stigning.
Vegard sykla svært godt i den krevjande løypa som har ein litt kortare trasse på 35km med 700 meter stigning, og kom inn til første plass i klassen 15-16 år, med over 6 minutt margin til nummer 2.
Geir fekk ein 4. plass klasse 40-44 år, 22 sekund etter vinner. Reidar var uheldig å punkterte tidleg i rittet og gjekk tilbake til målområde for å ta imot 2 blad Orrestad som kom i mål i dei folkefylte gatene i Molde sentrum.
Dette er eit svært kjekt ritt å delta i då det er mykje folk ute i løypa som heiar deg fram.



