Sogn Cykleklubb

Hovudsponsor: Sparebanken Vest
Framside

Bruktmarked - sykkelplassen.no
Logg inn
RESULTAT
Rittrapport fra Sondre fra NM-veka
Utskriftsvennlig versjon
På fredag 19.juni reiste eg til NM i Stavanger med Fana. Det gjekk ganske greitt da eg kjente dei fleste fra før. Vi budde på Jæren folkehøgskule saman med mange andre sykkelklubbar.
Siden eg ikkje skulle sykle før søndag hjelpte eg laga fra Bergen med langing på lørdagen. På Søndag var det gateritt, eg følte at kroppen fungerte bra under oppvarming, men under gaterittet fungerte eg ikkje i det heile. Det enda med at eg braut rittet.

På mandag og tirsdag var det oppladning til onsdagens tempo, eg og Anders Tombre Pettersen sykla igjennom løypa ein del gonger.

Onsdagens tempo var 20,2km lang og gav ingen mulighet for kvile. Løypa hadde slakebakkar heile vegen. Det endte med en 34. plass. Eg følte at eg sykla fort, men eg har fortsatt langt igjen til toppen når det gjelder tempo.

På torsdag og fredag lada vi godt opp til fellestarten, vi kjørte igjennom løypa og hørte nøye på kva Are Andresen hadde å sei om den.

På lørdag følte eg meg i kjempeslag, ein litt sur punktering rett før start var ikkje heilt etter planen, men det var ikkje verre enn at eg skifta hjul.

Starten gjekk og eg var straks framme i front, der satt eg nesten gjennom heile rittet. Kvar gang vi sykla opp den eine utslagsgjevande bakken var eg alltid blant dei fremste. Men halvegs i rittet skjedde det som alltid skjer i juniorfelt, eit velt som trenaren til Fana aldri hadde sett maken til fant sted, ca. 30-40 syklistar deisa i bakken i 45-50km/t. Eg var diverre midt oppi det heile, men eg var så heldig å lande oppå ein anna, dette etter å ha fløge over 3-4 andre. Eg kom meg småforvirra opp på beina og begynte å leite etter sykkelen, den låg i ein haug med 4 andre, til alt hell var det ikkje ei ripe å finne på den.

Eg kunne da sykle vidare, men eg kunne ikkje se feltet forran meg på dei lengste strekkene. Men etter ei halv runde såg eg endelig igjen feltet, og eg tok dei att. Eg var ganske sleten etter å ha kjørt meg inn igjen, men eg henta fram dei siste kreftene på den siste runda. Eg enda til slutt på ein 14. plass, noko eg var svært fornøgd med.

På søndag var det fellestart for seniorane, dette var kjempemorro! Det kunne virke som om alt som kunne krype og gå hadde komt seg ut i gatene for å se på, og det var så vidt eg fekk med meg oppløpet til Kurt Asle. Alt i alt ei kjempeflott veke for min del, men må sei meg ganske lei av dei paddeflate vegane der nede...

Sondre Austreim

SPONSOR
Sponsor: Intersport Sogndal
Sponsor: Josvanger Elktro AS
Sponsor: Hans Nes Bygg AS
Sponsor: Luster Mekaniske Industri AS
Sponsor: Drevdal Bygg AS
Sponsor: Nortura SA
Sponsor: Maxim Norge
Jotunheimen rundt
sogncykleklubb.net - Postboks 361 - 6852 Sogndal
Nettredaktør Håvard Myrvang
Pub © versjon: 1 - Feb.2004
Sogn CK på nett med Fjordinfo!