Kurt Asle Arvesen er ein topp anerkjent idrettsutøvar som eit kvart sykkellag ynskjer å ha med på laget fordi han gjer andre gode og er ekstremt flink til å jobbe for laget. Han set laget sitt i fremste rekke!
Kurt Asle sin historie er ideell for tema lagbygging. Han har på mange måtar felles bakgrunn med oss i indre Sogn. Kurt Asle kjem frå Eresfjord i Nesset kommune, Møre og Romsdal, men har til dei grader lukast i verdast hardaste idrett gjennom hardt målretta arbeid. Kurt Asle har akkurat signert for det nyetablerte sykkellaget Team Sky.
Som medlem av Sogn CK kan du høyre Kurt Asle Arvesen sin historie "Gi aldri opp" kl 13:30 til 15:00 i auditoriet til Høgskulen i Sogn og Fjordane på Foss (F300) fredag 30.oktober. Etter foredraget kan du oppleve Kurt Asle Arvesen i sykkelsalen på Idrettssenteret. Pris for foredrag og sykkeltime er kr 500. Sykkeltimen har oppstart kl 15:30. Begrenset antall plasser.
Spørsmål og påmelding til Idrettssenteret ved Kolbjørn Rydvang på mobil 915 54 150 eller på e-post kar@idrettssenteret.no
Velkommen!
|