JOTUNHEIMEN RUNDT - EI UTFORDRING

Vi skal arrangere Jotunheimen rundt for 20. gang i år. Arrangementet har vokst i popularitet og har eit svært godt rykte for god service og gode matstasjonar. Med aukande

deltaking og eit fortsatt ønske om å yte den beste service, krev det mykje arbeid frå klubben sine medlemer. Det er blant anna behov for nokre fleire personar i "sjefs"-posisjon. Men også elles i organisasjonen. For at fleire av klubben sine medlemer skal få sjansen til å bidra, vil vi arrangere ein sykkeltur rundt Jotunheimen helga før sjølve rittet. Vi oppfordrar dei som har høve til det å prioritere dette slik at vi får frigjort krefter til å arrangere eige ritt. Ta gjerne kontakt med Stig (97189995) eller Jon dersom du kan bidra med noko. Samtidig minner vi om at refusjon av startkontingent i dei ritt du deltek i i 2010 vil avreknast mot kor mykje dugnad du har bidrege med.